
Leksjonen i veke 4 handla om tankekart, papir og elektronisk, kva bruksområder det har og fordelar/ ulemper ved å bruke dei to ulike måtane. Det finst ulike digitale verktøy på nett som er gratis å laste ned og enkle i bruk, gratisversjonane kan vedlikeholde eit viss antal kart- Mindomo kan vedlikeholde opptil 7 kart. Desse digitale tankekarta kan også delast med andre. Ulike bruksområder ved elektroniske tankekart er: Forklaring/visualisering, idemyldring, ekspertkart (kognitiv støtte i ulike prosessar), ta notat, utredning/utforsking/kunnskapsbygging og tekstskaping.
Eit av desse digitale tankekarta er Mindomo. Dette har eg prøvd i bruk både individuelt og i gruppe. I samanheng med gruppeoppgåve delar vi/ idemyldring rundt den aktuelle oppgåva. Via e-post kan ein dele tankekart for samredigering, det er slik tankekartet blir eit samarbeid. Ein kan sjå i "dokumentoversikta" kva kart ein eig sjølv, kart ein delar med andre og kva kart andre har delt med meg. Ein kan arbeide samtidig i felles tankekart, men ein må skrive kvar sin gong for å lagre endringane. Dersom ein ikkje ventar på tur, kan endringar gå "tapt". Eit supert verktøy til å bruke under "brainstorming".
I samanheng med mappeoppgåve 2, laga eg eit individuelt tankekart og vi i gruppa utarbeidde eit felles tankekart. Derfor har eg utfrå øvingsoppgåva i leksjon veke 4 prøvd meg på både forslag 1 og forslag 2. Lenka til det individuelle tankekartet finn du her.
Her er skjermbilete av tankekartet eg laga:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar