I denne leksjonen fekk vi innblikk i og kjennskap til både kjente og ukjente verktøy. Nokon av desse har eg brukt og høyrt om, medan andre verktøy var totalt ukjente. Sidan eg er godt kjend med både Google dokumenter og bloggen, gjorde eg meg meir kjend med dei andre verktøya i leksjonen, blant anna Creaza. For å bruke Creaza er ein avhengig av å ha internett tilgang, for det er eit nettbasert program der ein kan jobbe med bilde, lyd og video. Creaza har to utgåver, ein gratisversjon med forhaldsvis enkel audio og movie editor. Den andre versjonen som er lisensbelagt, premium, har mange tilleggsfunksjonar. Premium kan også integrerast i fronter, som gjer det mogleg å ta i bruk mappevurdering. Enkelt å legge til rette for elevane å bruke dette programmet. Creaza er også enkelt å dele det ferdige produktet med andre, der er eit kommentarfelt der ein kan gi og kome med innspel. Elevane kan lage digitale forteljingar på ein enkel måte. Her er mange hjelpemiddel som gjer at prosjektarbeidet går raskt og ikkje minst er det morosamt å halde på med. Det finst ferdige bakgrunnar, figurar og andre objekt som ein kan bruke når, dette kan kombinerast med sjølvvalte bilete. Ein tenker kanskje først at creaza er best egna i faget norsk ut frå læreplanen i norsk.
"Hovudområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater. Hovudområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster. Å kunne lese en sammensatt tekst dreier seg om å finne mening i helheten av ulike uttrykksformer i teksten (UDF, 2006)."
Elevane kan lage ein teikneserie i norskfaget, men Creaza kan også brukast i eit anna fag eller i eit tverrfagleg prosjekt. I matematikk kan creaza til dømes brukast til å visualisere ulike former. I RLE og samfunnsfag kan ein bruke creaza til at elevane lagar ein teikneserie der dei får fortalt og vist kva dei har lært i ulike emne.
Eg har leika meg litt med korleis ein kan lage ein enkel teikneserie med dei karaktera, bilete og bakgrunnar som er i creaza. Ein kan sjølvsagt bruke eigne bilete og lage ein teikneserie om eit emne. Det eg har laga her er tenkt som ein begynnelse og gjere seg kjent teikneserie.
Her ser ein korleis dette vart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar