mandag 25. april 2011

INFORMASJONSKOMPETANSE 3 - kjeldekritikk

Ei kjelde kan vere så mongt: dokument, bilete, gjenstand, utsagn. Kjelda må sjåast i samanheng med det den skal nyttast til for at den skal ha nokon fagleg verdi. Kjeldekritikk kan seiast at det er kontroll av fakta; kvar kjem kjelda frå, kva tekst dreiar det seg om, i kva kontekst føreligg den. Hovudoppgåva til kjeldekritikken er å vurdere kjeldene og finne ut kor truverdige dei er. Husk på at internett ikkje er ei kjelde, men eit medium der vi finn ulike kjelder med svært ulik kvalitet. Bertnes (2005: 72-73) gir ei kort oversikt på kjeldekritikk: Ektehet, uavhengighet, tidssamanheng og tendensfridom. Er det ei påliteleg kjelde (truverdighet), er kjelda objektiv (objektivitet), er kjelda grundig og utan slurv ( nøyaktighet) og finn ein det ein er ute etter ( eignahet). Det finst nettressursar om kjeldekritikk, der både voksne og barn kan skaffe seg aktuell erfaring om korleis "handtere" kjelder. Elevane kan også få oppgåver der dei øver på sin eigen kjeldekritiske kompetanse. Informasjonssøk på internett: - definer informasjonsbehovet, - formuler søkestrategi, - velg verktøy, - avgrens kva du leitar etter, - søk effektivt, -evaluer søkeresultatet. (leksjon veke 13, 2011).

Eg har sett på to nettstadar som kan vere eit utgangspunkt for diskusjon om kva elevane bør gjere når dei skal leite etter bakgrunnsinformasjon på internett. Eg ville ha nytta nettstaden  http://www.martinlutherking.org/ for å lære elevane om kjeldekritikk. Her får også elevane brukt engelskkunnskapane sine. Nettsida som verkar sakleg i sin framstilling av Martin Luther King, er ei narreside som gir ei god kjeldekritisk øving for elevane. Denne sida hevdar også at det som står på nettsida er historisk korrekt. Denne sida ville eg ha brukt for å diskutere med elevane om korleis dei skal gå fram for å søkje etter bakgrunnsinformasjon på nettet, og korleis vete at det er korrekt det som står der. Dei må lære seg å sjekke opp innholdet opp i mot andre nettsider og andre kjelder for å finne ut kva som er historisk korrekt. Elevane må lære seg å vere grundig, ikkje ta alt for god fisk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar