mandag 25. april 2011

INFORMASJONSKOMPETANSE 1

Øvingsoppgåve, refleksjonsoppgåve 1:

Informasjonskompetanse er "en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen" (definert av store norske leksikon). Bertnes (2005:19) seier at ein informasjonskompetent person er ein person som:
  • Er klar over at korrekt og fullstendig informasjon er en forutsetning for gode beslutninger.
  • Innser et behov for ny informasjon.
  • Identifiserer mulige informasjonskilder og informasjonssøkehjelpemidler (trykte og elektroniske).
  • Formulerer hensiktsmessige søkestrategier.
  • Søker effektivt etter informasjon.
  • Vurderer informasjonen kritisk og velger ut informasjon.
  • Utnytter ny informasjon kreativt.
Etter at L06 kom med den femte grunnleggande dugleiken, å kunne bruke digitale verktøy, er det ein del nye premissar for kva som skal gjerast i skulen. Dette er ein dugleik som skal inn i alle fag, så ALLE lærara er pliktig til å sette seg inn i "nye" måtar der dei kan ta i bruk digitale media i undervisninga, og lære elevane nettvet og måtar å bruke søkestrategiar, korleis dei går fram når dei søkjer etter informasjon og vere kjeldekritiske.

Kva så med elevane sin informasjonskompetanse? Elevane i dag er oppvaksne med mediar. Det er på ein måte eit digitalt generasjonsskifte. Vi lærar, dei fleste av oss, har ikkje vokse opp med datamskiner, internett og digitale medier slik som dagens barn og unge har. "Forskarane bak rapporten frå UCL hevdar at medan unge er dyktige til å bruke datamaskiner og søke etter informasjon på nettet, har dei ofte problem med å definere informasjonsbehovet sitt, og har ikkje nokon klar søkestrategi. Kritisk vurdering av kjelder er eit anna problemområde som blir framheva." (Leksjon veke 11).

For dei aller fleste elevar gjeld det nok at forskninga som er presentert stemmer. Når elevane skriver oppgåver er dei flinke å søke etter informasjon, men dei er ikkje kjeldekritiske- dei brukar det første og beste dei finn på nettet. Eg trur nok at lærara og skulen er meir fokuserte på korleis dei skal lære elevane søkestrategiar, nettvet, informasjonkompetanse, o.l. no dei siste åra enn tidlegare. Nye reformer trenger tid før det er skikkeleg innarbeidt. Det kan nok vere forskinga som også har gjort slik at ein har vorte meir observant på elevane sin informasjonskompetanse og korleis ein på ein god måte skal lære dei dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar