På andre samling i DKL 102 fekk vi ei øvingsoppgåve som gjekk ut på at vi skulle prøve oss ut i Google maps og Google Earth. Dette var eit interessant og spennande bekjentskap. For elevane kan dette vere eit meir spennande alternativ og gjere seg kjend med geografien.
ØVINGSOPPGÅVA:
Lag veiledning til en oppgave for elevene der de bruker Google Earth som vertøy/ læremiddel/ inspirasjon. Gjør oppgaven som gruppe og presenter resultatene.
- Aktivitetene bør så langt som mulig støtte opp om det vi vet/tror om barns og unges mediebruk (meningsstyrt, aktiv og deltakende, preget av at jevnaldrende er hverandres læremestere, mobil, global)
- Skal gjøre bruk av Google Earth
- Måloppnåelse (læringsmål) skal sannsynliggjøres (skisser)
- Utfør oppgven selv (så langt som mulig)
- Presenter veiledning og resultat i studiebloggen
Gruppe 8 valte å bruke Google maps i øvingsoppgåva, og på følgande måte løyste vi oppgåva:
Som utgangspunkt for oppgåva tenkte vi at elevane hadde i forkant hatt heimkommuna som tema. Elevane kjende også til Google maps frå før. Utfrå gitte rammer skal elevane planlegge ei reise i si eiga heimkommune, og oppgåva kan også løysast som gruppeoppgåve. Prosjektet vil gjere at elevane viser ulike reisemål og vil føre til at kjennskapen om si eiga heimkommune vil verte betre.
Vi tok utgangspunkt i læreplanen for samfunnsfag i Kunnskapsløftet, kompetansemål etter 4. trinn:
- Planleggje og presentere reiser til nære stadar ved hjelp av kart og internett
- Setje namn på og plassere heimstaden, heimkommuna, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
Planlegg ei reise i di eiga heimkommune der klassa skal bruke ein skuledag (6 timar) til å besøkje ulike stadar. De skal besøkje/presentere minst 2 arbeidsplassar, eit kjendt landemerke, ein historisk stad og ei kyrkje. Bruk Google maps til å planlegge/vise reiseruta di der du skildrar dei ulike stoppestadane.
Vi la reiseruta til Vågåmo, som er Inga si heimkommune.
Vi vart dessverre ikkje heilt ferdig med reiseruta, men håper likevel at det kjem fram korleis ein kan nytte Google maps i undervisninga. Her kan du sjå det noko uferdige resultatet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar