mandag 25. april 2011
INFORMASJONSKOMPETANSE 2- informasjonsstraum, søking og informasjonsnav
Her er netvibes. Dette er eit informasjonsnav som ein registrerar seg gratis på og lagar si eiga private side. Sida inneheld mange element som viktige småprogram ( notisblokk, veret, hugseliste, kalendar m.m.), søkjemotorar som t.d. google, yahoo og bing, og RSS ( really simple syndication). RSS gjer det mogleg og enklare å halde seg oppdatert på kva som kjem av informasjon. RSS er kort sagt innhald som kjem rett til deg, ein teknologi som gjer at du kan abonnere på innhald frå bestemte nettstadar. Ved å velje ut bestemte nettstadar kan du ved å ha eit slik informasjonsnav få alt samla på ei side og det er det siste av det siste, nyleg oppdaterte sider. Eg tykkjer dette var eit nytt, spennande og nyttig nav å verte kjend med. Enkelt å sette seg inn i kor det verkar, og kan enkelt brukast i læringsarbeid. Men det måtte nok ei mappeoppgåve til før at eg klarde sette meg skikkeleg inn i korleis eit slikt informasjonsnav verkar og kor tidssparande det er å opne ei nettside, i forhold til å skulle opne mange ulike sider. Eit meget interessant bekjentskap.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar