"Tilpassa opplæring er eit overordna mål i norsk skule. Alle elevane har rett til opplæring på sitt nivå og tilpassa sine føresetnadar. IKT har eit større potensiale enn det skulen generelt har gjort seg nytte av. Utfordringane er å sjå når dette verktyet har kome til sin rett." (leksjon veke 6)
Eg er assistent i ei forholdsvis stor første klasse. Elevane har kome ulikt i det å lese og skrive, men nesten alle har knekt lesekoda. Datarommet har vi 2-3 gongar i veka. Vi har i første klasse basert oss på at elevane skal gjere seg kjend med datamaskinene, lære seg å logge seg på med brukarnamn og passord (alle elevane får utdelt kvar sitt), korleis logge seg av, leite opp skulen si heimeside og jobbe med ulike nettsider som er der og opne dokument der dei skriv tekstar. Framgangen på dei 7 månadane elevane har hatt "data" på skulen har vore som ynskja. Det vil seie at alle elevane klarer å logge seg på, nesten alle utan hjelp av huskelappar/namn+ passord, i starten måtte alle ha hjelp og dette tok tid. Alle klarer no å logge seg av riktig utan å slå av maskina slik dei fleste gjorde den første tida. Alle klarer å opne dokument der dei skriver tekstar, men det er stor variasjon i tekstane til elevane. Nokon skriv mykje og er flinke med utformingar, andre skriv enkle ord og kort. Vidare har vi eit program som heiter "redd orda". Dette er til god hjelp med å lære seg å lese ord.
Ut i frå mi erfaring med IKT i første klasse meinar eg at elevane har god utbytte av å få digital undervisning med tanke på lese og skriveopplæringa. Og sidan den digitale verden er stadig i utvikling tykkjer eg det er viktig at elevane får opplæring i dette så tidleg som mulig. Tilrettelagt for elevane sitt nivå, altså dei minste enkelt og visualisering av til dømes ord, begrep og former.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar