mandag 18. april 2011

3. SAMLING DKL 102

Då var vi komt til tredje og siste samling på DKL 102, og denne samlinga gjekk aller mest i å jobbe individuelt og i grupper. Torsdagen gjekk med til å vurdere mine sine mappeoppgåve, medstudent sine oppgåver, og gruppa vurderte si og ei anna gruppe si oppgåve. Opplegget i seg sjølv var bra, men for min del hadde eg ikkje særleg igjen av denne kvelden. Vi har tidligare i studieforløpet vurdert oppgåver til medstudentar, så har gjort dette før. Når eg seier at eg ikkje hadde utbytte av denne kvelden er på det grunnlag at ikkje særleg idielt å skal lese og vurdere oppgåver etter ein lang arbeidsdag, lang køyring og så samling...Så eg føler at eg ikkje fekk lest skikkeleg oppgåva til medstudent og heller inga god tilbakemelding.. Men uansett lærerikt, elevar kan også vere i samme situasjon at dei er dårleg opplagte til oppgåver dei får.

På fredagen hadde vi ei førelesing før vi som gruppe skulle velje oss ut enten eit eventyr eller ei reklame som vi skulle lage ein animasjonsfilm om. Vi valte eventyr og dei tre bukkane bruse. Det vart ein lærerik dag, men ALT for lita tid til at arbeidet med filmen vart skikkeleg. Vi brukte ark, lego og diverse anna til kulissar, bukkane og trollet. I tillegg brukte vi eit lydprogram til stemmer, men måtte dessverre kutte ein del av teksta fordi vi hadde teke for få bilete.  Vi fekk altså ikkje gjort alt slik vi hadde tenkt pga. tida, men vi fekk no levert eit resultat. Her er resultatet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar