mandag 25. april 2011

DIGITAL ARENA 2- barn- og unges digitale arena

Oppgåve 7.1

"Geotagging" er geografisk bileteplassering som gir bileta meirverdi og eit dokumentasjonsverktøy. Eg har gjort eit forsøk på å plassere nokon av mine bilete frå heimstaden min og nabofylket som eg vaks opp. Merkinga av bileta gjekk greit. Eg valte ut bilete eg ville bruke og la dei i ei eiga mappe. Mappa lasta eg opp i Picasa. Eg valte "velg bildeplassering" ved å dobbeltklikke på bileta. Eg plasserte deretter bileta i google earth, der eg kalla innlegget for "bloggen". Eg prøvde å få lagt mappa til her og skjermkutt, men dessverre fekk eg ikkje til det..Og ikkje klarte eg legge til albumet mitt frå picasa heller, men kanskje seinare. Her er i vertall bileta eg la inn på google earth, klarte fint å plassere dei på riktig stad, men som sagt var det siste biten eg ikkje fekk til..




Kannesteinen i Vågsøy kommune, hatt mange flotte turar hit.


Solnedgang sett frå mi barndomsbygd Hakalletranda (Vanylven kommune) mot Kvamsøy (Sande).


Hakallegarden, ein flott gård som dyktige folk har laga til. Mange besøkande gjennom året. Dotter mi som var heldig å få ri på hesten.


Briksdalsbreen.




Oppgåve 7.2

Eg oppretta Google nettstaden You Tube. Dette er ein nettstad der ein kan dele innlegg (bilde, videosnuttar, lyd), kommentere sine eigne eller andre sine og legge det ut offentleg (publisert offentleg). Eg har ikkje prøvd ut denne kontoen meir enn at eg har studert korleis ein går fram for å legge inn innlegg.

På gruppa sin M2 oppretta vi konto i Creaza, som vart brukt i mappeoppgåva. Resultatet vart slik.

Det er mange nettstadar i Google som er kan brukast i opplæringa, så dette er noko eg kjem til å sjå meir på og nytte i skulen. Men første bud er at eg sjølv gjer meg skikkeleg kjend med dette før eg skal introdusere det for elevane.

INFORMASJONSKOMPETANSE 3 - kjeldekritikk

Ei kjelde kan vere så mongt: dokument, bilete, gjenstand, utsagn. Kjelda må sjåast i samanheng med det den skal nyttast til for at den skal ha nokon fagleg verdi. Kjeldekritikk kan seiast at det er kontroll av fakta; kvar kjem kjelda frå, kva tekst dreiar det seg om, i kva kontekst føreligg den. Hovudoppgåva til kjeldekritikken er å vurdere kjeldene og finne ut kor truverdige dei er. Husk på at internett ikkje er ei kjelde, men eit medium der vi finn ulike kjelder med svært ulik kvalitet. Bertnes (2005: 72-73) gir ei kort oversikt på kjeldekritikk: Ektehet, uavhengighet, tidssamanheng og tendensfridom. Er det ei påliteleg kjelde (truverdighet), er kjelda objektiv (objektivitet), er kjelda grundig og utan slurv ( nøyaktighet) og finn ein det ein er ute etter ( eignahet). Det finst nettressursar om kjeldekritikk, der både voksne og barn kan skaffe seg aktuell erfaring om korleis "handtere" kjelder. Elevane kan også få oppgåver der dei øver på sin eigen kjeldekritiske kompetanse. Informasjonssøk på internett: - definer informasjonsbehovet, - formuler søkestrategi, - velg verktøy, - avgrens kva du leitar etter, - søk effektivt, -evaluer søkeresultatet. (leksjon veke 13, 2011).

Eg har sett på to nettstadar som kan vere eit utgangspunkt for diskusjon om kva elevane bør gjere når dei skal leite etter bakgrunnsinformasjon på internett. Eg ville ha nytta nettstaden  http://www.martinlutherking.org/ for å lære elevane om kjeldekritikk. Her får også elevane brukt engelskkunnskapane sine. Nettsida som verkar sakleg i sin framstilling av Martin Luther King, er ei narreside som gir ei god kjeldekritisk øving for elevane. Denne sida hevdar også at det som står på nettsida er historisk korrekt. Denne sida ville eg ha brukt for å diskutere med elevane om korleis dei skal gå fram for å søkje etter bakgrunnsinformasjon på nettet, og korleis vete at det er korrekt det som står der. Dei må lære seg å sjekke opp innholdet opp i mot andre nettsider og andre kjelder for å finne ut kva som er historisk korrekt. Elevane må lære seg å vere grundig, ikkje ta alt for god fisk.

INFORMASJONSKOMPETANSE 2- informasjonsstraum, søking og informasjonsnav

Her er netvibes. Dette er eit informasjonsnav som ein registrerar seg gratis på og lagar si eiga private side. Sida inneheld mange element som viktige småprogram ( notisblokk, veret, hugseliste, kalendar m.m.), søkjemotorar som t.d. google, yahoo og bing, og RSS ( really simple syndication). RSS gjer det mogleg og enklare å halde seg oppdatert på kva som kjem av informasjon. RSS er kort sagt innhald som kjem rett til deg, ein teknologi som gjer at du kan abonnere på innhald frå bestemte nettstadar. Ved å velje ut bestemte nettstadar kan du ved å ha eit slik informasjonsnav få alt samla på ei side og det er det siste av det siste, nyleg oppdaterte sider. Eg tykkjer dette var eit nytt, spennande og nyttig nav å verte kjend med. Enkelt å sette seg inn i kor det verkar, og kan enkelt brukast i læringsarbeid. Men det måtte nok ei mappeoppgåve til før at eg klarde sette meg skikkeleg inn i korleis eit slikt informasjonsnav verkar og kor tidssparande det er å opne ei nettside, i forhold til å skulle opne mange ulike sider. Eit meget interessant bekjentskap.

INFORMASJONSKOMPETANSE 1

Øvingsoppgåve, refleksjonsoppgåve 1:

Informasjonskompetanse er "en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen" (definert av store norske leksikon). Bertnes (2005:19) seier at ein informasjonskompetent person er ein person som:
  • Er klar over at korrekt og fullstendig informasjon er en forutsetning for gode beslutninger.
  • Innser et behov for ny informasjon.
  • Identifiserer mulige informasjonskilder og informasjonssøkehjelpemidler (trykte og elektroniske).
  • Formulerer hensiktsmessige søkestrategier.
  • Søker effektivt etter informasjon.
  • Vurderer informasjonen kritisk og velger ut informasjon.
  • Utnytter ny informasjon kreativt.
Etter at L06 kom med den femte grunnleggande dugleiken, å kunne bruke digitale verktøy, er det ein del nye premissar for kva som skal gjerast i skulen. Dette er ein dugleik som skal inn i alle fag, så ALLE lærara er pliktig til å sette seg inn i "nye" måtar der dei kan ta i bruk digitale media i undervisninga, og lære elevane nettvet og måtar å bruke søkestrategiar, korleis dei går fram når dei søkjer etter informasjon og vere kjeldekritiske.

Kva så med elevane sin informasjonskompetanse? Elevane i dag er oppvaksne med mediar. Det er på ein måte eit digitalt generasjonsskifte. Vi lærar, dei fleste av oss, har ikkje vokse opp med datamskiner, internett og digitale medier slik som dagens barn og unge har. "Forskarane bak rapporten frå UCL hevdar at medan unge er dyktige til å bruke datamaskiner og søke etter informasjon på nettet, har dei ofte problem med å definere informasjonsbehovet sitt, og har ikkje nokon klar søkestrategi. Kritisk vurdering av kjelder er eit anna problemområde som blir framheva." (Leksjon veke 11).

For dei aller fleste elevar gjeld det nok at forskninga som er presentert stemmer. Når elevane skriver oppgåver er dei flinke å søke etter informasjon, men dei er ikkje kjeldekritiske- dei brukar det første og beste dei finn på nettet. Eg trur nok at lærara og skulen er meir fokuserte på korleis dei skal lære elevane søkestrategiar, nettvet, informasjonkompetanse, o.l. no dei siste åra enn tidlegare. Nye reformer trenger tid før det er skikkeleg innarbeidt. Det kan nok vere forskinga som også har gjort slik at ein har vorte meir observant på elevane sin informasjonskompetanse og korleis ein på ein god måte skal lære dei dette.

TENKEVERKTØY 2- IKT som kognitiv støtte og verktøy for virtuelt støttende læringsprosesser


Oppgåve 9.1

Dagens teknologi har komt langt, men den er i stadig endring. Barn og unge må henge med for å klare å følge med i utviklinga. Meir eller mindre alle arbeidsplassar er involvert i teknologien, så det er viktig at skulen underviser, lærer elevane gode søkestrategiar, nettvett og trygg bruk av internett. Så eg trur og håper at opplæringa blir meir og meir prega av digital verktøy og media, slik at elevane blir best mulig rusta til å møte dagens samfunn. Dessuten er dei mediagenrasjonen, så dei ligg godt ann til å henge med i svingane.

Oppgåve 9.2

På samlinga i veke 10 skulle vi prøve ut eit spel, Bridge Corstrucrion, og konkurrere om kven av oss studentane som klarde å bygge ei bru som bestod testen og kostet minst. Dette kunne sikkert vorte spennande, men for det første sleit eg med maskina mi som vanleg på det klasserommet vi brukar å vere på (første dag på siste samling var vi på eit anna klasserom, og vips, pålogga med ein gong!!!- håplaust..burde vore bedre tilgang på ein høgskule). Og for det andre vart det knapp med tid, heilt på tampen av ei samling.. Og for det tredje eg var sleten av dagen, og slett ikkje motivert til å sete å spele eit spel som eg sletters ikkje fekk til. Dermed vart det dårleg med bru- bygging..Det var fleire som sleit med det samme..Men ein dag i sommar (for det blir nok ikkje tid før:)) skal eg kanskje gjere eit forsøk til og sjå om eg kan sette meg inn i kor spelet verkar. Meirverdi av å bruke dataspel, nye leiketøy i dataspel. Strategi spel og det å lære bruke tastane samtidig som ein tenkjer. Spel har ei sentarl rolle i befolkninga.

Oppgåve 9.3

Vi fekk utdelt to lenker til nettbaserte ressursar, lykkehjulet og xtranormal, der vi skulle plassere ressursane i Koschmann- kategori og Hutchings kube. Når det gjelder Koschmann-kategorien skulle vi plassere ressursane der vi meinte dei var i Koschmann-kategorien. Og så skulle vi plassere ressursane i Hutchings kube der vi meinte var riktig stad i forhold til kuba.

Dette kom vi fram til:
Komenter: koschmann-kategorien:
Lykkehjulet: behavoristisk læring, lærar må vete at elevane kan bruke/ beherskar oppgavene

Lykkehjulet i kuben: deltakelse- gjer oppg—ein viss kontroll-gjer ikkje noke ikkje plasserast høgt men sånn litt ned på kuben mot passiv, lærerstyrt elev

XTranormal: Konstruktivistisk konstruert, rangere, kan ikkje gå inn i andre sin, ikkje google.
Kuben: øvst – aktiv, kreativ elev med kontroll

Om du er øvst eller nedst på Hutcings kuben, er alt etter kor mykje eleven styrer/kontrollera sjølv..





mandag 18. april 2011

3. SAMLING DKL 102

Då var vi komt til tredje og siste samling på DKL 102, og denne samlinga gjekk aller mest i å jobbe individuelt og i grupper. Torsdagen gjekk med til å vurdere mine sine mappeoppgåve, medstudent sine oppgåver, og gruppa vurderte si og ei anna gruppe si oppgåve. Opplegget i seg sjølv var bra, men for min del hadde eg ikkje særleg igjen av denne kvelden. Vi har tidligare i studieforløpet vurdert oppgåver til medstudentar, så har gjort dette før. Når eg seier at eg ikkje hadde utbytte av denne kvelden er på det grunnlag at ikkje særleg idielt å skal lese og vurdere oppgåver etter ein lang arbeidsdag, lang køyring og så samling...Så eg føler at eg ikkje fekk lest skikkeleg oppgåva til medstudent og heller inga god tilbakemelding.. Men uansett lærerikt, elevar kan også vere i samme situasjon at dei er dårleg opplagte til oppgåver dei får.

På fredagen hadde vi ei førelesing før vi som gruppe skulle velje oss ut enten eit eventyr eller ei reklame som vi skulle lage ein animasjonsfilm om. Vi valte eventyr og dei tre bukkane bruse. Det vart ein lærerik dag, men ALT for lita tid til at arbeidet med filmen vart skikkeleg. Vi brukte ark, lego og diverse anna til kulissar, bukkane og trollet. I tillegg brukte vi eit lydprogram til stemmer, men måtte dessverre kutte ein del av teksta fordi vi hadde teke for få bilete.  Vi fekk altså ikkje gjort alt slik vi hadde tenkt pga. tida, men vi fekk no levert eit resultat. Her er resultatet.

søndag 17. april 2011

IKT og TPO- digitale verkty i tilpassa og spesielt tilrettelagt opplæring

"Tilpassa opplæring er eit overordna mål i norsk skule. Alle elevane har rett til opplæring på sitt nivå og tilpassa sine føresetnadar. IKT har eit større potensiale enn det skulen generelt har gjort seg nytte av. Utfordringane er å sjå når dette verktyet har kome til sin rett." (leksjon veke 6)

Eg er assistent i ei forholdsvis stor første klasse. Elevane har kome ulikt i det å lese og skrive, men nesten alle har knekt lesekoda.  Datarommet har vi 2-3 gongar i veka. Vi har i første klasse basert oss på at elevane skal gjere seg kjend med datamaskinene, lære seg å logge seg på med brukarnamn og passord (alle elevane får utdelt kvar sitt), korleis logge seg av, leite opp skulen si heimeside og jobbe med ulike nettsider som er der og opne dokument der dei skriv tekstar. Framgangen på dei 7 månadane elevane har hatt "data" på skulen har vore som ynskja. Det vil seie at alle elevane klarer å logge seg på, nesten alle utan hjelp av huskelappar/namn+ passord, i starten måtte alle ha hjelp og dette tok tid. Alle klarer no å logge seg av riktig utan å slå av maskina slik dei fleste gjorde den første tida. Alle klarer å opne dokument der dei skriver tekstar, men det er stor variasjon i tekstane til elevane. Nokon skriv mykje og er flinke med utformingar, andre skriv enkle ord og kort. Vidare har vi eit program som heiter "redd orda". Dette er til god hjelp med å lære seg å lese ord.

Ut i frå mi erfaring med IKT i første klasse meinar eg at elevane har god utbytte av å få digital undervisning med tanke på lese og skriveopplæringa. Og sidan den digitale verden er stadig i utvikling tykkjer eg det er viktig at elevane får opplæring i dette så tidleg som mulig. Tilrettelagt for elevane sitt nivå, altså dei minste enkelt og visualisering av til dømes ord, begrep og former.

SAMANSATTE TEKSTER 1

I denne leksjonen fekk vi innblikk i og kjennskap til  både kjente og ukjente verktøy. Nokon av desse har eg brukt og høyrt om, medan andre verktøy var totalt ukjente. Sidan eg er godt kjend med både Google dokumenter og bloggen, gjorde eg meg meir kjend med dei andre verktøya i leksjonen, blant anna Creaza. For å bruke Creaza er ein avhengig av å ha internett tilgang, for det er eit nettbasert program der ein kan jobbe med bilde, lyd og video. Creaza har to utgåver, ein gratisversjon med forhaldsvis enkel audio og movie editor. Den andre versjonen som er lisensbelagt, premium, har mange tilleggsfunksjonar. Premium kan også integrerast i fronter, som gjer det mogleg å ta i bruk mappevurdering. Enkelt å legge til rette for elevane å bruke dette programmet. Creaza er også enkelt å dele det ferdige produktet med andre, der er eit kommentarfelt der ein kan gi og kome med innspel. Elevane kan lage digitale forteljingar på ein enkel måte. Her er mange hjelpemiddel som gjer at prosjektarbeidet går raskt og ikkje minst er det morosamt å halde på med. Det finst ferdige bakgrunnar, figurar og andre objekt som ein kan bruke når, dette kan kombinerast med sjølvvalte bilete. Ein tenker kanskje først at creaza er best egna i faget norsk ut frå læreplanen i norsk.

"Hovudområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater. Hovudområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster. Å kunne lese en sammensatt tekst dreier seg om å finne mening i helheten av ulike uttrykksformer i teksten (UDF, 2006)."

Elevane kan lage ein teikneserie i norskfaget, men Creaza kan også brukast i eit anna fag eller i eit tverrfagleg prosjekt. I matematikk kan creaza til dømes brukast til å visualisere ulike former. I RLE og samfunnsfag kan ein bruke creaza til at elevane lagar ein teikneserie der dei får fortalt og vist kva dei har lært i ulike emne.

Eg har leika meg litt med korleis ein kan lage ein enkel teikneserie med dei karaktera, bilete og bakgrunnar som er i creaza. Ein kan sjølvsagt bruke eigne bilete og lage ein teikneserie om eit emne. Det eg har laga her er tenkt som ein begynnelse og gjere seg kjent teikneserie. Her ser ein korleis dette vart.

TENKEVERKTØY

 


 Leksjonen i veke 4 handla om tankekart, papir og elektronisk, kva bruksområder det har og fordelar/ ulemper ved å bruke dei to ulike måtane. Det finst ulike digitale verktøy på nett som er gratis å laste ned og enkle i bruk, gratisversjonane kan vedlikeholde eit viss antal kart- Mindomo kan vedlikeholde opptil 7 kart. Desse digitale tankekarta kan også delast med andre. Ulike bruksområder ved elektroniske tankekart er: Forklaring/visualisering, idemyldring, ekspertkart (kognitiv støtte i ulike prosessar), ta notat, utredning/utforsking/kunnskapsbygging og tekstskaping.

Eit av desse digitale tankekarta er Mindomo. Dette har eg prøvd i bruk både individuelt og i gruppe. I samanheng med gruppeoppgåve delar vi/ idemyldring rundt den aktuelle oppgåva. Via e-post kan ein dele tankekart for samredigering, det er slik tankekartet blir eit samarbeid. Ein kan sjå i "dokumentoversikta" kva kart ein eig sjølv, kart ein delar med andre og kva kart andre har delt med meg. Ein kan arbeide samtidig i felles tankekart, men ein må skrive kvar sin gong for å lagre endringane. Dersom ein ikkje ventar på tur, kan endringar gå "tapt". Eit supert verktøy til å bruke under "brainstorming".

I samanheng med mappeoppgåve 2, laga eg eit individuelt tankekart og vi i gruppa utarbeidde eit felles tankekart. Derfor har eg utfrå øvingsoppgåva i leksjon veke 4 prøvd meg på både forslag 1 og forslag 2. Lenka til det individuelle tankekartet finn du her.

Her er skjermbilete av tankekartet eg laga:

søndag 3. april 2011

2. SAMLING DKL 102, ØVINGSOPPGÅVE

GOOGLE MAPS

På andre samling i DKL 102 fekk vi ei øvingsoppgåve som gjekk ut på at vi skulle prøve oss ut i Google maps og Google Earth. Dette var eit interessant og spennande bekjentskap. For elevane kan dette vere eit meir spennande alternativ og gjere seg kjend med geografien.

ØVINGSOPPGÅVA:

Lag veiledning til en oppgave for elevene der de bruker Google Earth som vertøy/ læremiddel/ inspirasjon. Gjør oppgaven som gruppe og presenter resultatene.
  • Aktivitetene bør så langt som mulig støtte opp om det vi vet/tror om barns og unges mediebruk (meningsstyrt, aktiv og deltakende, preget av at jevnaldrende er hverandres læremestere, mobil, global)  
  • Skal gjøre bruk av Google Earth
  • Måloppnåelse (læringsmål) skal sannsynliggjøres (skisser)
  • Utfør oppgven selv (så langt som mulig)
  • Presenter veiledning og resultat i studiebloggen
Det vil godtas at dere tilpasser et opplegg gitt i glessons og viser til eksterne how- to's, men noe helt nytt, spennende og orginalt vil føre til større begeistring.

Gruppe 8 valte å bruke Google maps i øvingsoppgåva, og på følgande måte løyste vi oppgåva:

Som utgangspunkt for oppgåva tenkte vi at elevane hadde i forkant hatt heimkommuna som tema. Elevane kjende også til Google maps frå før. Utfrå gitte rammer skal elevane planlegge ei reise i si eiga heimkommune, og oppgåva kan også løysast som gruppeoppgåve. Prosjektet vil gjere at elevane viser ulike reisemål og vil føre til at kjennskapen om si eiga heimkommune vil verte betre.

Vi tok utgangspunkt i læreplanen for samfunnsfag i Kunnskapsløftet, kompetansemål etter 4. trinn:
  • Planleggje og presentere reiser til nære stadar ved hjelp av kart og internett
  • Setje namn på og plassere heimstaden, heimkommuna, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
OPPGÅVETEKSTA TIL ELEVANE:
Planlegg ei reise i di eiga heimkommune der klassa skal bruke ein skuledag (6 timar) til å besøkje ulike stadar. De skal besøkje/presentere minst 2 arbeidsplassar, eit kjendt landemerke, ein historisk stad og ei kyrkje. Bruk Google maps til å planlegge/vise reiseruta di der du skildrar dei ulike stoppestadane.

Vi la reiseruta til Vågåmo, som er Inga si heimkommune.




Vi vart dessverre ikkje heilt ferdig med reiseruta, men håper likevel at det kjem fram korleis ein kan nytte Google maps i undervisninga. Her kan du sjå det noko uferdige resultatet.



torsdag 10. mars 2011

SOSIAL WEB 1 OG 2

Leksjonane i veke 2 og veke 3 handla om sosial web, det same gjorde mappeoppgåve 1. Det å gjere seg kjend med ulike sosiale media er viktig med tanke på å vete kva det dreiar seg om og korleis dei ulike mediane fungerar. Øvingsoppgåva i veke 2, sosial web 1, handla om at eg skulle melde meg inn i tre ulike nettsamfunn. Frå før er eg allereie medlem av facebook og google- kontoar. I tillegg til desse melde eg meg inn i del- og bruk (obligatorisk for alle) og you tube. Ved å gjere seg kjend med ulike nettsamfunn skaffar ein seg erfaring og kunnskap om kva media elevane nyttar seg av.

Digital danning: Sidan elevane har stor erfaring ved å surfe på nettet og informasjonhenting, må lærarane forsøke å henge med. For å vete korleis ein skal oppføre seg på nett, er det viktig at ein tenker på og kan kjeldekritkk, nettvett, personvern, reglar og normer ved bruk i nettverkssamfunnet. Det kan vere mange moglegheiter ved å bruke sosiale media i undervisninga. Det å kunne bruke digitale verktøy, grunnleggande dugleik, lærer elevane ved å bruke dei ulike nettmediane. Dei kan dele, skrive individuelt, gruppeoppgåver, lagre, gjennopne, og levere oppgåver på nett. Mediane kan brukast til å diskutere og jobbe med oppgåver sjølv om ikkje alle har tid til å jobbe samtidig.
Utfordringar kan vere at ulike media er forbudt på den enkelte skule, t.d. facebook, lærara kan for lite om dei ulike sosiale media, nettvekstilkoblinga for dårleg. Så vi ser at det finst både fordelar og ulemper ved bruk av sos web i skulen.

I det foregåande innlegget mitt på bloggen, har vi som gruppe kommentert moglegheiter og utfordringar ved bruk av blant anna facebook. You tube som eg også melde meg inn i, er også eit media der ein kan dele med andre og kommentere innlegg. Del- og bruk ligg i namnet, det er også eit media der du kan dele, kommentere og hente informasjon.

lørdag 15. januar 2011

BRUK AV SOSIAL NETTSAMFUNN

På første samlinga DKL 102, fekk vi utdelt ei gruppeoppgåve. Oppgåva gjekk litt vidare øvingsoppgåve, sosial web 1, der vi skulle melde oss inn i tre ulike nettsamfunn og gjere oss kjend med desse. Vi skulle velje ut tre ulike sosiale nettsamfunn og drøfte verkemiddel og funksjonalitet til desse. Oppgåva skulle skrivast i wikispaces. Vi i gruppe 8 valde desse tre nettsamfunna:
  • Google docs

  • Wikispaces

  • Facebook


Google docs

- samme konto opnar for å nytte fleire ulike verktøy (m.a. tekstdokument, rekneark, presentasjonar)
- chatte-funksjon
- høve til å dele dokument med andre (felles redigering, samskriving)
- god kommentarfunksjon
- bildefunksjon
- lage og setje inn teikningar
- laste ned dokumentet til PDF og Word
- høve til å velje grad av publisering (alle, større eller mindre grupper)
- sterk grad av "samtidighet" (umiddelbar oppdatering)
- lagrar automatisk, og hyppig
- eignar seg best for laging av dokument

Ulemper:
- ikkje nynorsk stavekontroll
- få funksjonar samanlikna med t.d. tekstprogrammet Word
Google.png




Wiki

- opnar for samarbeid, men har ikkje like god funksjon på lagring og kjensla av "samtidighet" som ein finn i Google Docs
- meir tungvint biletfunksjon enn Google Docs
- kan brukast til m.a. heimesider, informsjonssider, temasider
- kan opne for at det vert ein lavare terskel for lærarar og foreldre til å bidra i heim-skule samarbeidet
Ulempe:
- kan vere ei utfordring å ha oversikt/kontroll over innhaldet (viktig med gode moderatorar og administratorar)


wiki.png

Facebook

- stort nettsamfunn
- liten terskel for å bruke verktøyet, ein kjend arena for elevane, "lett" å komme i gang fordi ein møter elevane der dei er
- mulighet for å opprette fagsider, chat
- elevane kan bli meir mottakarbevisste på kva som kan leggast ut (nettetikette)
- mange språkval
- geo-merking

Ulempe:
- blir mykje brukt som ein useriøs arena, der til dømes språket er svært munnleg
- lett å bli distrahert
- privat arena
- vanskeleg å føre den gode fagsamtalen då dette kan vere ein svært open arena
- geo-merking

2011-01-14_1226.png


Fellesnemnarar for å bruke desse verktøya i skulen

- treffer ei større gruppe elevar. "Deira" arena, motivasjonsfaktor i det å vise fram sine presentasjonar/produkt
- gode verkty til å produsere eit produkt med tanke på publisering
- brukar bestemmer kor mykje informasjon som skal delast
- benytte hypertekst og linkar for å navigere
- enkelt brukargrensesnitt
- elevane lærer av kvarandre i eit sosiokulturelt fellesskap
- individuell produksjon - sosial redigering
- fremmar den digitale danninga
- publisering, ynskje om at ting ser bra og ryddig ut, elevane strekkjer seg kanskje lenger i høve til innhald og rettskriving
- kan og vere med på å minke grada av fusk og plagiat
- gratis og enkelt å opprette kontoar
- sjå historikken på dokumenta (sjå kven som har vore der og kva som har blitt gjort)
- kan arbeide med dokumenta både heime og på skulen

Kjelder
http://sosialweb.wikispaces.com/Wiki+i+skolen