mandag 25. april 2011

DIGITAL ARENA 2- barn- og unges digitale arena

Oppgåve 7.1

"Geotagging" er geografisk bileteplassering som gir bileta meirverdi og eit dokumentasjonsverktøy. Eg har gjort eit forsøk på å plassere nokon av mine bilete frå heimstaden min og nabofylket som eg vaks opp. Merkinga av bileta gjekk greit. Eg valte ut bilete eg ville bruke og la dei i ei eiga mappe. Mappa lasta eg opp i Picasa. Eg valte "velg bildeplassering" ved å dobbeltklikke på bileta. Eg plasserte deretter bileta i google earth, der eg kalla innlegget for "bloggen". Eg prøvde å få lagt mappa til her og skjermkutt, men dessverre fekk eg ikkje til det..Og ikkje klarte eg legge til albumet mitt frå picasa heller, men kanskje seinare. Her er i vertall bileta eg la inn på google earth, klarte fint å plassere dei på riktig stad, men som sagt var det siste biten eg ikkje fekk til..




Kannesteinen i Vågsøy kommune, hatt mange flotte turar hit.


Solnedgang sett frå mi barndomsbygd Hakalletranda (Vanylven kommune) mot Kvamsøy (Sande).


Hakallegarden, ein flott gård som dyktige folk har laga til. Mange besøkande gjennom året. Dotter mi som var heldig å få ri på hesten.


Briksdalsbreen.




Oppgåve 7.2

Eg oppretta Google nettstaden You Tube. Dette er ein nettstad der ein kan dele innlegg (bilde, videosnuttar, lyd), kommentere sine eigne eller andre sine og legge det ut offentleg (publisert offentleg). Eg har ikkje prøvd ut denne kontoen meir enn at eg har studert korleis ein går fram for å legge inn innlegg.

På gruppa sin M2 oppretta vi konto i Creaza, som vart brukt i mappeoppgåva. Resultatet vart slik.

Det er mange nettstadar i Google som er kan brukast i opplæringa, så dette er noko eg kjem til å sjå meir på og nytte i skulen. Men første bud er at eg sjølv gjer meg skikkeleg kjend med dette før eg skal introdusere det for elevane.

INFORMASJONSKOMPETANSE 3 - kjeldekritikk

Ei kjelde kan vere så mongt: dokument, bilete, gjenstand, utsagn. Kjelda må sjåast i samanheng med det den skal nyttast til for at den skal ha nokon fagleg verdi. Kjeldekritikk kan seiast at det er kontroll av fakta; kvar kjem kjelda frå, kva tekst dreiar det seg om, i kva kontekst føreligg den. Hovudoppgåva til kjeldekritikken er å vurdere kjeldene og finne ut kor truverdige dei er. Husk på at internett ikkje er ei kjelde, men eit medium der vi finn ulike kjelder med svært ulik kvalitet. Bertnes (2005: 72-73) gir ei kort oversikt på kjeldekritikk: Ektehet, uavhengighet, tidssamanheng og tendensfridom. Er det ei påliteleg kjelde (truverdighet), er kjelda objektiv (objektivitet), er kjelda grundig og utan slurv ( nøyaktighet) og finn ein det ein er ute etter ( eignahet). Det finst nettressursar om kjeldekritikk, der både voksne og barn kan skaffe seg aktuell erfaring om korleis "handtere" kjelder. Elevane kan også få oppgåver der dei øver på sin eigen kjeldekritiske kompetanse. Informasjonssøk på internett: - definer informasjonsbehovet, - formuler søkestrategi, - velg verktøy, - avgrens kva du leitar etter, - søk effektivt, -evaluer søkeresultatet. (leksjon veke 13, 2011).

Eg har sett på to nettstadar som kan vere eit utgangspunkt for diskusjon om kva elevane bør gjere når dei skal leite etter bakgrunnsinformasjon på internett. Eg ville ha nytta nettstaden  http://www.martinlutherking.org/ for å lære elevane om kjeldekritikk. Her får også elevane brukt engelskkunnskapane sine. Nettsida som verkar sakleg i sin framstilling av Martin Luther King, er ei narreside som gir ei god kjeldekritisk øving for elevane. Denne sida hevdar også at det som står på nettsida er historisk korrekt. Denne sida ville eg ha brukt for å diskutere med elevane om korleis dei skal gå fram for å søkje etter bakgrunnsinformasjon på nettet, og korleis vete at det er korrekt det som står der. Dei må lære seg å sjekke opp innholdet opp i mot andre nettsider og andre kjelder for å finne ut kva som er historisk korrekt. Elevane må lære seg å vere grundig, ikkje ta alt for god fisk.

INFORMASJONSKOMPETANSE 2- informasjonsstraum, søking og informasjonsnav

Her er netvibes. Dette er eit informasjonsnav som ein registrerar seg gratis på og lagar si eiga private side. Sida inneheld mange element som viktige småprogram ( notisblokk, veret, hugseliste, kalendar m.m.), søkjemotorar som t.d. google, yahoo og bing, og RSS ( really simple syndication). RSS gjer det mogleg og enklare å halde seg oppdatert på kva som kjem av informasjon. RSS er kort sagt innhald som kjem rett til deg, ein teknologi som gjer at du kan abonnere på innhald frå bestemte nettstadar. Ved å velje ut bestemte nettstadar kan du ved å ha eit slik informasjonsnav få alt samla på ei side og det er det siste av det siste, nyleg oppdaterte sider. Eg tykkjer dette var eit nytt, spennande og nyttig nav å verte kjend med. Enkelt å sette seg inn i kor det verkar, og kan enkelt brukast i læringsarbeid. Men det måtte nok ei mappeoppgåve til før at eg klarde sette meg skikkeleg inn i korleis eit slikt informasjonsnav verkar og kor tidssparande det er å opne ei nettside, i forhold til å skulle opne mange ulike sider. Eit meget interessant bekjentskap.

INFORMASJONSKOMPETANSE 1

Øvingsoppgåve, refleksjonsoppgåve 1:

Informasjonskompetanse er "en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen" (definert av store norske leksikon). Bertnes (2005:19) seier at ein informasjonskompetent person er ein person som:
  • Er klar over at korrekt og fullstendig informasjon er en forutsetning for gode beslutninger.
  • Innser et behov for ny informasjon.
  • Identifiserer mulige informasjonskilder og informasjonssøkehjelpemidler (trykte og elektroniske).
  • Formulerer hensiktsmessige søkestrategier.
  • Søker effektivt etter informasjon.
  • Vurderer informasjonen kritisk og velger ut informasjon.
  • Utnytter ny informasjon kreativt.
Etter at L06 kom med den femte grunnleggande dugleiken, å kunne bruke digitale verktøy, er det ein del nye premissar for kva som skal gjerast i skulen. Dette er ein dugleik som skal inn i alle fag, så ALLE lærara er pliktig til å sette seg inn i "nye" måtar der dei kan ta i bruk digitale media i undervisninga, og lære elevane nettvet og måtar å bruke søkestrategiar, korleis dei går fram når dei søkjer etter informasjon og vere kjeldekritiske.

Kva så med elevane sin informasjonskompetanse? Elevane i dag er oppvaksne med mediar. Det er på ein måte eit digitalt generasjonsskifte. Vi lærar, dei fleste av oss, har ikkje vokse opp med datamskiner, internett og digitale medier slik som dagens barn og unge har. "Forskarane bak rapporten frå UCL hevdar at medan unge er dyktige til å bruke datamaskiner og søke etter informasjon på nettet, har dei ofte problem med å definere informasjonsbehovet sitt, og har ikkje nokon klar søkestrategi. Kritisk vurdering av kjelder er eit anna problemområde som blir framheva." (Leksjon veke 11).

For dei aller fleste elevar gjeld det nok at forskninga som er presentert stemmer. Når elevane skriver oppgåver er dei flinke å søke etter informasjon, men dei er ikkje kjeldekritiske- dei brukar det første og beste dei finn på nettet. Eg trur nok at lærara og skulen er meir fokuserte på korleis dei skal lære elevane søkestrategiar, nettvet, informasjonkompetanse, o.l. no dei siste åra enn tidlegare. Nye reformer trenger tid før det er skikkeleg innarbeidt. Det kan nok vere forskinga som også har gjort slik at ein har vorte meir observant på elevane sin informasjonskompetanse og korleis ein på ein god måte skal lære dei dette.

TENKEVERKTØY 2- IKT som kognitiv støtte og verktøy for virtuelt støttende læringsprosesser


Oppgåve 9.1

Dagens teknologi har komt langt, men den er i stadig endring. Barn og unge må henge med for å klare å følge med i utviklinga. Meir eller mindre alle arbeidsplassar er involvert i teknologien, så det er viktig at skulen underviser, lærer elevane gode søkestrategiar, nettvett og trygg bruk av internett. Så eg trur og håper at opplæringa blir meir og meir prega av digital verktøy og media, slik at elevane blir best mulig rusta til å møte dagens samfunn. Dessuten er dei mediagenrasjonen, så dei ligg godt ann til å henge med i svingane.

Oppgåve 9.2

På samlinga i veke 10 skulle vi prøve ut eit spel, Bridge Corstrucrion, og konkurrere om kven av oss studentane som klarde å bygge ei bru som bestod testen og kostet minst. Dette kunne sikkert vorte spennande, men for det første sleit eg med maskina mi som vanleg på det klasserommet vi brukar å vere på (første dag på siste samling var vi på eit anna klasserom, og vips, pålogga med ein gong!!!- håplaust..burde vore bedre tilgang på ein høgskule). Og for det andre vart det knapp med tid, heilt på tampen av ei samling.. Og for det tredje eg var sleten av dagen, og slett ikkje motivert til å sete å spele eit spel som eg sletters ikkje fekk til. Dermed vart det dårleg med bru- bygging..Det var fleire som sleit med det samme..Men ein dag i sommar (for det blir nok ikkje tid før:)) skal eg kanskje gjere eit forsøk til og sjå om eg kan sette meg inn i kor spelet verkar. Meirverdi av å bruke dataspel, nye leiketøy i dataspel. Strategi spel og det å lære bruke tastane samtidig som ein tenkjer. Spel har ei sentarl rolle i befolkninga.

Oppgåve 9.3

Vi fekk utdelt to lenker til nettbaserte ressursar, lykkehjulet og xtranormal, der vi skulle plassere ressursane i Koschmann- kategori og Hutchings kube. Når det gjelder Koschmann-kategorien skulle vi plassere ressursane der vi meinte dei var i Koschmann-kategorien. Og så skulle vi plassere ressursane i Hutchings kube der vi meinte var riktig stad i forhold til kuba.

Dette kom vi fram til:
Komenter: koschmann-kategorien:
Lykkehjulet: behavoristisk læring, lærar må vete at elevane kan bruke/ beherskar oppgavene

Lykkehjulet i kuben: deltakelse- gjer oppg—ein viss kontroll-gjer ikkje noke ikkje plasserast høgt men sånn litt ned på kuben mot passiv, lærerstyrt elev

XTranormal: Konstruktivistisk konstruert, rangere, kan ikkje gå inn i andre sin, ikkje google.
Kuben: øvst – aktiv, kreativ elev med kontroll

Om du er øvst eller nedst på Hutcings kuben, er alt etter kor mykje eleven styrer/kontrollera sjølv..





mandag 18. april 2011

3. SAMLING DKL 102

Då var vi komt til tredje og siste samling på DKL 102, og denne samlinga gjekk aller mest i å jobbe individuelt og i grupper. Torsdagen gjekk med til å vurdere mine sine mappeoppgåve, medstudent sine oppgåver, og gruppa vurderte si og ei anna gruppe si oppgåve. Opplegget i seg sjølv var bra, men for min del hadde eg ikkje særleg igjen av denne kvelden. Vi har tidligare i studieforløpet vurdert oppgåver til medstudentar, så har gjort dette før. Når eg seier at eg ikkje hadde utbytte av denne kvelden er på det grunnlag at ikkje særleg idielt å skal lese og vurdere oppgåver etter ein lang arbeidsdag, lang køyring og så samling...Så eg føler at eg ikkje fekk lest skikkeleg oppgåva til medstudent og heller inga god tilbakemelding.. Men uansett lærerikt, elevar kan også vere i samme situasjon at dei er dårleg opplagte til oppgåver dei får.

På fredagen hadde vi ei førelesing før vi som gruppe skulle velje oss ut enten eit eventyr eller ei reklame som vi skulle lage ein animasjonsfilm om. Vi valte eventyr og dei tre bukkane bruse. Det vart ein lærerik dag, men ALT for lita tid til at arbeidet med filmen vart skikkeleg. Vi brukte ark, lego og diverse anna til kulissar, bukkane og trollet. I tillegg brukte vi eit lydprogram til stemmer, men måtte dessverre kutte ein del av teksta fordi vi hadde teke for få bilete.  Vi fekk altså ikkje gjort alt slik vi hadde tenkt pga. tida, men vi fekk no levert eit resultat. Her er resultatet.

søndag 17. april 2011

IKT og TPO- digitale verkty i tilpassa og spesielt tilrettelagt opplæring

"Tilpassa opplæring er eit overordna mål i norsk skule. Alle elevane har rett til opplæring på sitt nivå og tilpassa sine føresetnadar. IKT har eit større potensiale enn det skulen generelt har gjort seg nytte av. Utfordringane er å sjå når dette verktyet har kome til sin rett." (leksjon veke 6)

Eg er assistent i ei forholdsvis stor første klasse. Elevane har kome ulikt i det å lese og skrive, men nesten alle har knekt lesekoda.  Datarommet har vi 2-3 gongar i veka. Vi har i første klasse basert oss på at elevane skal gjere seg kjend med datamaskinene, lære seg å logge seg på med brukarnamn og passord (alle elevane får utdelt kvar sitt), korleis logge seg av, leite opp skulen si heimeside og jobbe med ulike nettsider som er der og opne dokument der dei skriv tekstar. Framgangen på dei 7 månadane elevane har hatt "data" på skulen har vore som ynskja. Det vil seie at alle elevane klarer å logge seg på, nesten alle utan hjelp av huskelappar/namn+ passord, i starten måtte alle ha hjelp og dette tok tid. Alle klarer no å logge seg av riktig utan å slå av maskina slik dei fleste gjorde den første tida. Alle klarer å opne dokument der dei skriver tekstar, men det er stor variasjon i tekstane til elevane. Nokon skriv mykje og er flinke med utformingar, andre skriv enkle ord og kort. Vidare har vi eit program som heiter "redd orda". Dette er til god hjelp med å lære seg å lese ord.

Ut i frå mi erfaring med IKT i første klasse meinar eg at elevane har god utbytte av å få digital undervisning med tanke på lese og skriveopplæringa. Og sidan den digitale verden er stadig i utvikling tykkjer eg det er viktig at elevane får opplæring i dette så tidleg som mulig. Tilrettelagt for elevane sitt nivå, altså dei minste enkelt og visualisering av til dømes ord, begrep og former.