torsdag 25. november 2010

REKNEARK, veke 45-46

REKNEARK, VEKE 45-46

Rekneark, excel, er noko eg har brukt sjølv i skulesamanheng. På vidaregåande brukte eg i mellom anna faga matematikk, data og bedriftsøkonomi. Som høgskulestudent ein god del år seinare ser eg kor mykje enklare programma har vorte å bruke enn tidligare. Så dette med celle, kolonne og rad er kjente begrep og mykje brukt av meg. Google Spreadsheet er nytt bekjentskap for meg, men virkar enkelt og greit i bruk. Ved å bruke rekneark får du eit oversikteleg og tydeleg skjema.

Eg er assistent i første klasse. Eg underviser ikkje i fag, bortsett frå vikartimar der lærar har laga opplegg. Dette første halvåret har ikkje rekneark vorte særleg nytta. Men vekeplanen er delt opp i rader (vekedagar) og kolonne ( dag, arbeid på skulen, til heimen, lekse). Sidan det verken var nytta rekneark noko særleg verken i praksisen eller i 1. klasse hittil, skriv eg korleis rekneark kan brukast i dei ulike faga utifrå kompetansemåla i L06.

 
FAG
KORLEIS KAN REKNEARK BRUKAST UTIFRÅ KOMPETANSEMÅLA
MATEMATIKK
·         Lage tabellar over tal, figurar og former. Der ein kan til dømes lage tiarvennar i ei kolonne, tala i ei og teljestrekar i ei anna i tabellar over tala.
·         Samanlikne storleikar ved hjelp av høvelege målereiskapar
·         Gjere berekningar, sette dette i eit rekneark
·         Bruke dei fire rekneartane
·         Utøre og presentere enkle berekningar
NORSK
·         Skrive tekst i rekneark, til døme at elevane skriv rim, regler og liknande i ei kolonne, og teiknar noko som passar til teksta i ei anna.
·         Lage forteljingar ved å kombinere ord, lyd og bilete.
·         Lage oversikt over ordklasser, forklaring og døme på det.
·         Lage oversikt over ulike sjanger og døme på dette.
NATURFAG
·         Bruke rekneark for å vise målingar, visualisering, simulerin, registrering.
·         Sette kjente plante- og dyreartar og sortere i ulike kolonner.
·         Eksperimentelt arbeid og feltarbeid.
ENGELSK
·         Gloseprøver og øving
·         Samanlikne ord og uttrykksmåtar på engelsk med morsmålet
SAMFUNNSFAG
·         Gjere berekningar
·         Heimstad, heimekommunen, heimfylket og landet
MUSIKK
·         Oversikt over notelære.
·         Oversikt over instrument og bilder av dei.



HENSYN, veke 47

Hensyn, opphavrett, personvern
veke 47

Den tredje og siste samlinga var spanande med tanke på opphavsrett til å bruke bilete, personvern og ikkje minst bruken av interaktive tavle. Opphavsrett og personvern til bildetaking er litt å setje seg inn i.
Fotografiske bilder: verkshøydekravet, en person involvert på opphavssiden, bilder av personer.
Fleire om å lage fotografiske bilder. Juridisk og etiske spørsmål kjem når det er snakk om å nytte bilete offentleg.  Lovene er til for å beskytte oss (personvern) og for å sørge for at vi får rimelig vederlag for vår skapande innsats (opphavsrett).  Stikke fingeren i jorda, brudd kan skje med overlegg, andre ganger skyldes uvitenhet. Som lærere har vi en plikt å sette oss inn i reglene og formidle disse videre til elevene(Wølner og karlsen).

Råd og vink til lærere om tryggere brukere av internett i skolen. Jo mer vi vet, jo mer vet vi at vi ikke vet…Ikkje ta alt for god fisk.

Den enkleste regelen: Du har lov til å bruke et kva som helst fotografisk bilde, til kva som helst, kor som helst, når som helst så lenge: Du har fått tillatelse frå den som har opphavsrett til bilete til brukeren.  (holder med munteleg tillatelse).
Åndsverkslova §43 a og § 40

Ikkje alltid at lovverket sin regel om at personer som er på bilde kan publiserast blir respektert. Ved at det er personen på bilde som bør ha retten til å avgjere om bildet skal publiserast. Om ikkje personsvernet kan forhindre slik bruk.

Åndsverkslova §45c – omhandler den avbildes rettigheter.
Kven bestemmer så når unntaka gjelder?  rettssystemet bestemmer.

Fare: Offentleggjering av vedkommendes identitet av en person/barn som skal skjermast frå personarmedia.
Enkelte bilder kan vere ulovlige å besitte.
Visse mediefiler har innhold som rammes av straffelovgiving. Det er Stortinget som vedtar når lover skal endrast.

 På samlinga fekk vi også oppgåver vi skulle løyse i grupper.  Her var bilete av barn og leikeapparat.

Samla refleksjon av oppgavene av 3 samling - opphavsrett og personverndelen:

Oppgåve 1: For hver av scenaria, diskuter:
·        Kan du publisere bildet? Kvifor/kvifor ikkje?
·        Kva må eventuelt til for at du skal kunne publisere det?

A: Sett at du fant dette bilete på ein privat heimeside, syntes det var morosamt og kanskje passet inn som illustrasjon til noko du ville skrive om på nettet: Nei, eventuelt må det spørrast dei som eig heimesida/opphavsmann og dei som er på biletet. Må få tillating frå desse for å kunne publisere – enten munteleg eller skrifteleg. Dette bilete er det synleg ansikt som forteller om identiteten til personane på biletet.

B: Sett at dette var dine barn, men en annan person hadde tatt biletet: Nei ikkje utan å spørje opphavsmann. Inga klar grense for kor gamle barna må vere for å bestemme, men lova er lik for både barn og vaksne.  Lova er lik for barn og voksne. Barn kan handtere sine eigne personopplysningar når dei er 15 år. Spørje ungane uansett alder om dei syns det er greit at bilda blir publisert.

C: Sett at dette var dine eigne barn, og du hadde tatt biletet: Ja, men ville ha spurt barna først om det var greit å publisere bilda. Er barna over 15 år har dei rett å bestemme sjølv om bilde skal publiserast eller ikkje.

Ansikta tydelig- betyr at det er identitetsopplysning. Eventuelt klede som kan gjer at personane vert igjenkjent.

Må bilder av personer vere så vanskeleg i skulesamanhengar?
Må vi spørje kvar gong?
Generell tillatelse til publisering i gitte sammenhenger, informere om rettigheter samtidig.

Det er ikkje likgyldig:
·        kven du spør- over 15 år ; vurdera sjølv om konsekvenser av publisering av persondata. Under 15; samtykke også av foresatte
·        kor ofte du spør- ingen gitte retningslinjer
·        kva du spør om (og med det informerer om):

Oppgåve 2
Kan du publisere bilete? Kvifor/ kvifor ikkje?

Kva må eventuelt til for at du skal kunne publisere det?

A: sett at du fant dette bilete på en privat heimeside, syns det var morsomt og kanskje passet det inn som illustrasjon til noko du vil skrive om på nettet:
Nei, ikkje utan å spørje opphavsmann om løyve. Dersom hensikta var å vise bilde av leikeapperatet. Allmenn interesse. Men bør tenke seg godt om før ein publisera bilde. Kan vere mulig å kjenne seg igjen.

B: sett at dette var dine barn, men annen person hadde tatt bileta:
Nei, vi må få løyve frå opphavsmann først. Opphavsmann må spørjast om tillatelse om publisering av bilete.

C: sett at dette var dine barn, og du har tatt bilete:
Ja, eg ville ha publisert det, fordi personane  kan ikkje kjennast igjen idenditeten  på. Ansikta visast ikkje.


Oppgåve 3:

Du finner et fotografi av et maleri på internett. Det er signert slik at namnet er leselig, det ser ut til å vere en ganske ukjent maler, og du har lyst til å bruke det i din publisering.
Kan du publisere bildet? Kvifor/kvifor ikkje?
Kva må eventuelt til for at du skal kunne publisere det?
Nei, det er eit åndsverk. Kan ikkje publiserast  utan å ha tillattelse frå kunstnar og opphavsmann. Har fotograf fått tillatelse om å ta bilete, undersøk dette. Deretter sjekk opp med maleren. (åndsverklova)

Åndsverklova §24 og 43.3ledd

Avtale mellom Kopinor og KS

Oppgåve 4:

Du finner ei lydfil på dette nettstedet: http://www.mp3.com/free-music/

Kan du publisere lydfila? Kvifor/kvifor ikkje?
Ikkje lov å publisere, fri til å laste ned til privat bruk/lytte, men ikkje publiserast.
Må gå innpå info for nettsida og lese om lov eller ikkje lov å laste ned.
Kan du bearbeide lydfila, og så publisere den? Kvifor/kvifor ikkje?

Kva må eventuelt til for at du skal kunne publisere?

Tankekart:
Freemind er eit type tankekart, eit anna er Mindomo- visualisering, kan delast på nett, samarbeidast og lagrast. Tankekart visualisera ein samanheng. Deler inn i primære (sokrates) og sekundære (mann)  substans.
Kva er tankekart? Fleksible verktøy, visuelt, dele, tema, tankekart er verktøysprogram. Er det relevant å bruke tankekart? Ja det er anvendbare verktøy.
Papir eller digitalt? Bruker tankekart til idemyldring.
Ta notat ved bruk av digitale tankekart, føre tankekartet over i dokument, i teorien kan du nesten skrive ferdig ei oppgave i tankekartet,
Utredning, kognitiv støtte (i ulike prosesser), elektronisk tankekart gir bedre resultat på oppgåver.

Mindomo
Lag konto på mindomo. Sjå intro videoen, gå på open map, finn fram til lerning by doing- Nick Duffill, prøv deg på øvinga, opprett et nytt kart, dele med gruppa, koble til skype. Digitale tankekart er enkle i bruk og kan også delast mellom fleire. På samlinga kom vi fram til dette om fordelar og ulemper med tankekart på papir og digitalt:

Fordelar og ulemper papir vs digitale tankekart:
Fordel Papir: lett tilgjengeleg, kjem raskt i gang-effektivt,
Ulemper papir: tungvindt å dele, meir uryddig enn digitalt, handskrift kan vere vanskeleg å tyde, løsark/løsblad, rot,
Fordel Digitalt: lett å bruke, enkelt å endre, enkelt å dele, gjer det meir spennande å lage tankekart, oversikteleg og ryddig, meir strukturert, enkelt å finne igjen, vise på storskjerm, har ingen kanter/enklare å disponere plass, kan overførast til papir om en vil(utskrift), ingen reell fysisk avgrensing, lettare å samarbeide ( fleirbrukar variant).
Ulemper digitalt: ikkje data/internett tilgang, kan bruke lenger tid før ein kjem i gang med tankekartet (kan vere distaherande moment), kan vere teknisk utfordringar/grunnleggande digitale kompetanse, avhengig å ha data, instalasjon/registreringsproblem, lettare å kome igang?, kan miste data


INTERAKTIV TAVLE vart eit spanande møte, har ikkje sett dette i bruk før. Det skulle vore obligatorisk i alle skular, men økonomien til kommunane tillet ikkje det. Interaktive tavle forenklar mykje kvardagen i skulen og eit stort brukarspekter. Kjempe interesant å sjå korleis elevane og lærar brukar IAT i undervisninga.


Lyd veke 43-44

LYD, VEKE 43-44

Eg gledde meg til å lære litt om lyd og lydprogram, og rekna med dette skulle gå greit sidan det stod i leksjonen at : "Lyd har blitt noe vi kan jobbe med selv på en sliten skole-PC." Men den gang ei....Atter en gang var det klin umulig å få logga seg på med PCen min på Høgskulen:( Og det var en nedtur å ikkje få prøve seg litt på lyd når man hadde folk tilgjengeleg å spørre om eg lurte på noko...Så tenkte eg at då får eg øve heime, men har kjempa i vekesvis med å få til lydopptak og redigering på Audacity..Sjølv om det er ganske detaljerte "oppskrifter" på fronter funka det dessverre ikkje på mi maskin, eller det er vel kanskje meg og min tekniske innsikt som er problemet....Frustrerande å ikkje få til, sidan tekniske ting og apperater er det eg som fiksar i heimen og andre sine heimar...men det manglar nok tid å studere..Jobben og familien krever sitt, og eg er ikkje av dei som får så mykje inn etter klokka 22 om kvelden...Men nok syt, eg ha ivertfall fått tid til leksjonane om ikkje øvingane har gått så bra:)

Lydfilane som er tilgjengeleg på fronter er til god hjelp for å forstå samanhengen mellom teorien og den tekniske biten, så hadde vore topp å fått til å gjort det på eiga hand også. Samansatte tekster og digital lyd høyrer ofte saman. Mange oppgåver har lyd med, og då er det fint å ha erfaring med dette sjølv som lærar. Kompetansemåla seier ein heil del om lyd. Dessutan opner også lyd for tverrfagleg jobbing med dei ulike faga. Sjølv om ein veit kva lyd er, er det ok å få repetert litt om bølger, frekvens og lydstyrke. Kva kan ein gjere om talen i lydklippet er uforståeleg, om ikkje høgtalaren på PCen verkar, kan ein finne ut av dette ved å lytte til lydfilane og lese leksjonen. Ulike ressursar om lyd som er tilgjengeleg på internett er interesante og lærerike.

Korleis kan vi bruke digital lyd, og korleis gjere lyd om som informasjon i form av filer kan vere utfordring i seg sjølv med tanke på kvaliteten. Det finst mange ulike filformat for lyd, i skulesamanheng er det WAW, MP3, WMA, OGG og FLAC som mest aktuelle å jobbe med. Å prøve seg sjølv som lydprodusent er det mest lærerike. Prøve ut lydinnstillingar og tilkoblingar, og vete at dette er ulikt for ulike operativsystem.

Audacity er eit program som kan brukast på PS, Mac og Linux, og har norsk meny. Korleis ein skal laste ned Audacity og kva ein eventuelt må laste ned som tilleggsprogramvare er godt forklart i leksjonen. Vidare får vi innføring i å prate inn lydfil, om det oppstår problem og kva må gjerast og korleis jobbe med lydfilar.

onsdag 24. november 2010

Veke 41-42 Bilde

BILETE

Det å få lære seg litt meir om kamerabruk og korleis ta bra bilete med tanke på motiv, plassering og lys m.m. og korleis nytte foto i undervisninga var ei matnyttig samling.Når det gjeld å nytte foto og behandling av bilete er det mykje teknisk som ein lærar må kunne. Dei digitale kamera vi har i dag gjere det enklare å bruke foto i fag. Elevane kan også bruke mobilkamera sin til å ta bilete. Så treng dei datamaskiner for å laste ned bileta sine, dette kan gjerast enkelt med ein USB-kabel. Minnekorta i kamera kan lagre ein del bilete, men her spelar faktora som minnekapasitet, bilete- oppløysing, filformat bileta vert lagra i, osv. Det er også viktig å få eit klart bilete av motivet. Vidare lærte vi om motiv og komposisjon. Tenke over om det er detaljar eller om det er større motiv vi skal ta bilete av. Viktig å tenke over kva motivet er, få fram hovudmotivet. Varier mellom undervinkling og overvinkling og plassering av same motiv for å sjå kva som får best fram motivet. Rett mengde av lysbruken er også viktig å tenke på. Få fram det vi vil sjåaren skal sjå. Ein kan også bruke andre sine bilete, men då bør ein vere klar over kva lova om opphavsrett seier, og vete om bileta ein finn på internett kan nyttast.
Ulike verktøy ein kan bruke for å halde orden på bileta og lage til framsyning var lærerikt. Når bileta er last inn på PCen, kan ein til dømes bruke picasa og picnik for å etterbehandle og lage nettalbum. Dermed får ein bileta i ein oversikteleg mappe.

I undervisninga bør ein tenke over læringsaktiviteten sitt kva, kvifor og korleis for å gi eleven best mulig undervisning. Då kan den didaktiske relasjonsmodellen vere eit god hjelpemiddel for læraren til å tenke over eiga undervisning. Det er lærerikt å sjå døme på biletebruk i undervisning i form av video-klipp, og korleis vi kan bruke picnik og picasa til lagring og behandling av bileta.

Eg har prøvd meg på øvingsoppgåva til leksjon 1, digitale bilete, veke 41. Her følgjer resultatet:


Først prøvde eg meg på å ta bilete av eit motiv der eg plasserte motivet på midten, og etter tredjedelsregelen. Det første bilete er teke med tanke på tredjedelsregelen og det nederste er motivet plassert på midten. På grunn av lysbruk skapte lyse og mørke parti på biletet. På grunn av dette, kjem nok bilete av drikkeflaska teke etter tredjedelsregelen mest til sin rett.







Eg prøvde også å ta bilete av drikkeflaska nedanfrå og opp, ovanfrå og ned, og med å snu kamera. Har nok mykje å lære med tanke på lysbruken på hovudmotivet, opprydding av distraherande objekt, rett plassering av motivet, avstand til motivet og balansen av biletet. Slik vart desse bileta:




Deretter prøvde eg meg på biletebehandling i Picasa, der eg tok i bruk beskjering, utfyllingslys og pensla over uønska lys. Då vart dette her resultatet:






Tilslutt fann eg eit bilete på nettet,  flickr.com, som eg vil prøve vurdere. Her er plasseringa av motivet gøymt inn i ei smal opning. Eit spanande bilete som fangar sjåaren. Lysbruken gjer det heile litt mystisk. Dette er nok eit silhuettmotiv. Ein kan sjå fleire detaljar, ikkje eit bestemt motiv. Snøhola med istappar hengande ned frå opninga gjer dette til eit interessant bilete for sjåaren, vertfall om ein er ineressert i landskap, årstider og turar. Her er ikkje mykje luft rundt motiva. Linjene til dette bilete leiar blikket til sjåaren innover i bilete.




Grotto in an iceberg, photographed during the British Antarctic Expedition of 1911-1913, 5 Jan 1911

tirsdag 12. oktober 2010

Blogger

Dette med blogging i "all offentlighet" er heilt nytt for meg, derfor "gløyme" eg litt av den i min travle kvardag.. Eg er godt vant med både msn, tekstmeldingar, skrive logg. Dette er innarbeidt frå før, og alt tek tid å lære og kome inn i..Men enn om eg blir flinkare med dette også etterkvart:) Eg har no i det minste fått lagt inn øvingsoppgåvene her, om det er slik det er meint.... Blir litt småfrustrert av den hektiske kvardagen, det å skal jobbe, studere og ikkje minst vere mor og frue...Skulle gjerne hatt mange fleire timar å ta av i døgnet....

Ellinor

Øvingsoppgåve veke 39

Øvingsoppgåve 2, veke 39

Elevar skriv i dag mange typar digitale tekstar. Det kan vere novellar, rekneark, powerpoint, fotostories osv. Enkelte elevar likar og er flinke til å skrive og formulere seg når dei skriv tekstar. Andre elevar slit mykje med å klare ordlegge seg med eigne ord, derfor brukar dei den "enkle" måten med klipp og lim frå tekstar dei finn på nettet og limar dei inn i sine eigne dokument. Eg har sjølv erfart dette med elevar som klipper og limer istadan for å skrive med eigne ord. Vi lærte då elevane ulike måtar å formulere seg på og lærte dei om nettvettreglar/kopi.¨I store klasser kan det verte ei utfordring for ein lærar å "sjekke" at alle tekstar er eigenproduserte. Ein kan då i etterkant snakke med og spørre elevane om det dei har skrive. Det kan vere vanskeleg å snakke om ei tekst som nokon andre har skrive....

Ellinor

Øvingsoppgåve , veke 39

Øvingsoppgåve 1

På nettet finn vi mange skulerelaterte lenker som ein kan bruke som læringsressursar i skulen. For at skulane og elevane skal dra nytte av desse lenkene, er første bud at det er "skikkeleg" datamaskiner og  nettverkstilkobling tilgjengeleg. Skulen eg jobbar ved no, har tre klasserom der datamaskinene står klar til bruk og elevane kjem seg nokolunde raskt på nett. Men det er kun eit klasserom som har nok maskiner til alle elevane i ei klasse, og dette datarommet er i bruk kvar time i løpet av skuledagen av dei sju klassene som er på skulen.

Dataansvarleg ved skulen har gjort ein kjempe jobb med heimsida til skulen, der det også er lagt ut leker til ulike ressurssider som elevane lett klarer å handtere sjølve. Elevane kan også jobbe med desse nettsidene heime. Eg ser også korleis elevane får repetert og øvd på det dei tidligare har lært i klasserommet. Ressurssidene er bra laga til slik at elevane får øve seg på aktuelle tema som dei har i faga, og det er sider der dei får øve seg på å skrive/lage tekstar og powerpoint o.l. Elevane får god øving i å bruke tastaturet, søke på nettet og lære seg korleis dei kan bruke ein datamaskin til det meste i kvardagen. I dei fleste fag her det henvist til gode ressurssider, eg nevner desse: I norsk er det sider for leseøvingar/norskoppgåver, matematikk er multi mykje brukt, engelsk har junior scoop som eit god lenke og cumulus blir brukt i faga natur, samfunn og historie.

Dei fleste av ressurssidene er veldig gode, men alt kan forbedrast. Dataverden utviklar seg raskt og det er alltid nye nettressursar tilgjengeleg. Har lagt ved lenkene til dei ressurssidene eg nevnte ovanfor.

Ellinor
                                                                                                                                

Tilgjengeleg frå: http://norsknettskole.no/globalskolen/ressurssidene/tester/Morten/lese/
                       : http://web2.gyldendal.no/multi/Multi%203/
                       : http://scoop.samlaget.no/kapittel.cfm?id=8-322-1
                       : http://www.lokus123.no/?marketplaceId=4785166&languageId=1&siteNodeId=4785305

søndag 26. september 2010

Akademisk oppsett

3. øvingsoppgåve i leksjonen om digital plattform gjekk ut på å opne eit oppgåvedokument og skrive svara direkte i dokumentet. Deretter lagre det som eit nytt dokument, og dele dokumentet med lesetilgang til alle på gruppa mi. Eg er ikkje heilt sikker på om eg har gjort det rett. Prøvde å legge det inn på fronter med tilgang til dei andre tre på gruppa, men var ikkje heldig med den. Legger den her på bloggen min, så får eg sjå etter kvart om eg har forstått rett korleis dette var tenkt....




ØVINGSOPPGAVE 3
DIGITAL PLATTFORM

Oppgåvetid oppgåve 2...
 .med itt praktisk trening

Dette er ei enkel, praktisk oppgåve i høve tema akademisk skriving. Samarbeid med gruppa di.

Oppgåve A:
Terje Høiland og Tor Arne Wølner:
Fylgjande sitat er henta frå side 86:
Tidlig bruk av digitale mapper gir elevene en digital ferdighet, og muligheter for forskjellige arbeidsmåter øker når elevarbeidene legges i digitale arbeidsmapper. Gjennom en slik arbeidsform øker også mulighetene for variert arbeid med sammensatte/multimodale tekster. Den digitale mappen åpner for mange og varierte arbeidsmåter for elevene, samtidig som det blir et metodisk verktøy for læreren. Dette åpner for flere muligheter for samarbeid, tilpasset opplæring og økt ansvar for egen læring.


De skal:
Om tilvising i tekst:
Korleis ville de ha gjort tilvising til kjelda over i tekst  (vis med eksempel) med:
  1. Generell tilvising  
  2. Indirekte sitat (parafrase)
  3. Direkte sitat - kort (mindre enn to linjer)
  4. Direkte sitat - langt
 Svar:

1.        Generell tilvisning av ei tekst, døme: Tidlig bruk av digitale mapper gir elevene en digital ferdighet, og muligheter for forskjellige arbeidsmåter øker når elevarbeidene legges i digitale arbeidsmapper. Gjennom en slik arbeidsform øker også mulighetene for variert arbeid med sammensatte/multimodale tekster. Den digitale mappen åpner for mange og varierte arbeidsmåter for elevene, samtidig som det blir et metodisk verktøy for læreren. Dette åpner for flere muligheter for samarbeid, tilpasset opplæring og økt ansvar for egen læring. ((T. Høiland og T.A. Wølner, 2007: 86)

2.        Indirekte sitat (parafrase) i ei tekst er omformulering av den orginale teksta. Omskriving av ei tekst kan vere enklare å bruke enn sitat fordi den kan passe bedre inn i din tekst. (http://www.ntnu.no/viko/mod7/mod7_side12.php ) Døme frå teksta: Ved å bruke digitale arbeidsmapper gir større sjanse for at det blir eit meir variert arbeid med samansette og multimodale tekser. (T. Høiland og T.A. Wølner, 2007: 86)

3.        Direkte sitat – kort (mindre enn to linjer) i ei tekst etter Harvard- stilen: Sitater på inntil 2 linjer integreres i teksten og markeres med anførselstegn. Navn på forfatter, årstall og sidetall skrives i parentes umiddelbart etter sitatet. (http://www.ntnu.no/viko/mod7/mod7_side12.php# )  Døme på dette frå teksta: ”Dette åpner for flere muligheter for samarbeid, tilpasset opplæring og økt ansvar for egen læring.” (T. Høiland og T.A. Wølner, 2007: 86)

4.        Direkte sitat – langt i ei tekst etter Harvard – stilen: Sitater på over 2 linjer skrives som et eget avsnitt med innrykk, uten anførselstegn. Navn på forfatter, årstall og sidetall skrives i parentes umiddelbart etter sitatet. (http://www.ntnu.no/viko/mod7/mod7_side12.php# ) Døme frå teksta:

Tidlig bruk av digitale mapper gir elevene en digital ferdighet, og muligheter for forskjellige arbeidsmåter øker når elevarbeidene legges i digitale arbeidsmapper. (T. Høiland og T.A. Wølner, 2007: 86)

Oppgåve B:
Her er to kjelder:
Sjå artikkelen i Utdanning - “Få tar grunnleggende ferdigheter på alvor” - http://utdanningsnytt.no/Files/PDF%20av%20Utdanning/Utdanning%2013_10.pdf
Sjå Åndsverklova på nettet (tips: bruk Lovdata sine sider)


De skal:
1. Sett opp ei litteraturliste med desse to kjeldene
2. Legg boka til Høiland og Wølner i same litteraturliste.
Svar:
1:
Litteraturliste
Åndsverklova på nettet (tips: bruk Lovdata sine sider)

2:
Litteraturliste
Høiland, Terje og Wølner, Tor Arne: Fra digital ferdighet til kompetanse. Gyldendal Norsk Forlag AS 2007
Åndsverklova på nettet (tips: bruk Lovdata sine sider)

fredag 17. september 2010

DKL- samling. Høst 2010

Hei!
Snart ferdig med andre dagen av første DKL- samlinga. Informasjon, gruppeinndelingar,  tillitsvalg,  innføring og diverse praktiske ting unnagjort. Eg kom meg heldigvis tilslutt på nett. Det var fort gjort for folk som kan det, men dei hadde inga forklaring på kva dei gjorde...I går, torsdag 16.09, skulle eg og ein medstudent intervjue kvarandre. Sidan det er obligetorisk, skal du få intervjuet her. Eg spurde om navn, jobb/student, kvifor verte lærar og kvifor DKL? Britt Alice Helset er fjerde års allmenlærarstudent, og jobbar i tillegg som tilkallingsvikar. Studiet vart valt fordi å likar å lære frå seg og sjå barna få den gode "aha-opplevinga". DKL- studiet begynte ho på fordi ho tykkjer moderne teknologi er spanande, ho ønskjer å kunne undervise elevane utan å få panikk når noko nytt teknologisk dukkar opp.