tirsdag 12. oktober 2010

Øvingsoppgåve veke 39

Øvingsoppgåve 2, veke 39

Elevar skriv i dag mange typar digitale tekstar. Det kan vere novellar, rekneark, powerpoint, fotostories osv. Enkelte elevar likar og er flinke til å skrive og formulere seg når dei skriv tekstar. Andre elevar slit mykje med å klare ordlegge seg med eigne ord, derfor brukar dei den "enkle" måten med klipp og lim frå tekstar dei finn på nettet og limar dei inn i sine eigne dokument. Eg har sjølv erfart dette med elevar som klipper og limer istadan for å skrive med eigne ord. Vi lærte då elevane ulike måtar å formulere seg på og lærte dei om nettvettreglar/kopi.¨I store klasser kan det verte ei utfordring for ein lærar å "sjekke" at alle tekstar er eigenproduserte. Ein kan då i etterkant snakke med og spørre elevane om det dei har skrive. Det kan vere vanskeleg å snakke om ei tekst som nokon andre har skrive....

Ellinor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar