LYD, VEKE 43-44
Eg gledde meg til å lære litt om lyd og lydprogram, og rekna med dette skulle gå greit sidan det stod i leksjonen at : "Lyd har blitt noe vi kan jobbe med selv på en sliten skole-PC." Men den gang ei....Atter en gang var det klin umulig å få logga seg på med PCen min på Høgskulen:( Og det var en nedtur å ikkje få prøve seg litt på lyd når man hadde folk tilgjengeleg å spørre om eg lurte på noko...Så tenkte eg at då får eg øve heime, men har kjempa i vekesvis med å få til lydopptak og redigering på Audacity..Sjølv om det er ganske detaljerte "oppskrifter" på fronter funka det dessverre ikkje på mi maskin, eller det er vel kanskje meg og min tekniske innsikt som er problemet....Frustrerande å ikkje få til, sidan tekniske ting og apperater er det eg som fiksar i heimen og andre sine heimar...men det manglar nok tid å studere..Jobben og familien krever sitt, og eg er ikkje av dei som får så mykje inn etter klokka 22 om kvelden...Men nok syt, eg ha ivertfall fått tid til leksjonane om ikkje øvingane har gått så bra:)
Lydfilane som er tilgjengeleg på fronter er til god hjelp for å forstå samanhengen mellom teorien og den tekniske biten, så hadde vore topp å fått til å gjort det på eiga hand også. Samansatte tekster og digital lyd høyrer ofte saman. Mange oppgåver har lyd med, og då er det fint å ha erfaring med dette sjølv som lærar. Kompetansemåla seier ein heil del om lyd. Dessutan opner også lyd for tverrfagleg jobbing med dei ulike faga. Sjølv om ein veit kva lyd er, er det ok å få repetert litt om bølger, frekvens og lydstyrke. Kva kan ein gjere om talen i lydklippet er uforståeleg, om ikkje høgtalaren på PCen verkar, kan ein finne ut av dette ved å lytte til lydfilane og lese leksjonen. Ulike ressursar om lyd som er tilgjengeleg på internett er interesante og lærerike.
Korleis kan vi bruke digital lyd, og korleis gjere lyd om som informasjon i form av filer kan vere utfordring i seg sjølv med tanke på kvaliteten. Det finst mange ulike filformat for lyd, i skulesamanheng er det WAW, MP3, WMA, OGG og FLAC som mest aktuelle å jobbe med. Å prøve seg sjølv som lydprodusent er det mest lærerike. Prøve ut lydinnstillingar og tilkoblingar, og vete at dette er ulikt for ulike operativsystem.
Audacity er eit program som kan brukast på PS, Mac og Linux, og har norsk meny. Korleis ein skal laste ned Audacity og kva ein eventuelt må laste ned som tilleggsprogramvare er godt forklart i leksjonen. Vidare får vi innføring i å prate inn lydfil, om det oppstår problem og kva må gjerast og korleis jobbe med lydfilar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar