tirsdag 12. oktober 2010

Øvingsoppgåve , veke 39

Øvingsoppgåve 1

På nettet finn vi mange skulerelaterte lenker som ein kan bruke som læringsressursar i skulen. For at skulane og elevane skal dra nytte av desse lenkene, er første bud at det er "skikkeleg" datamaskiner og  nettverkstilkobling tilgjengeleg. Skulen eg jobbar ved no, har tre klasserom der datamaskinene står klar til bruk og elevane kjem seg nokolunde raskt på nett. Men det er kun eit klasserom som har nok maskiner til alle elevane i ei klasse, og dette datarommet er i bruk kvar time i løpet av skuledagen av dei sju klassene som er på skulen.

Dataansvarleg ved skulen har gjort ein kjempe jobb med heimsida til skulen, der det også er lagt ut leker til ulike ressurssider som elevane lett klarer å handtere sjølve. Elevane kan også jobbe med desse nettsidene heime. Eg ser også korleis elevane får repetert og øvd på det dei tidligare har lært i klasserommet. Ressurssidene er bra laga til slik at elevane får øve seg på aktuelle tema som dei har i faga, og det er sider der dei får øve seg på å skrive/lage tekstar og powerpoint o.l. Elevane får god øving i å bruke tastaturet, søke på nettet og lære seg korleis dei kan bruke ein datamaskin til det meste i kvardagen. I dei fleste fag her det henvist til gode ressurssider, eg nevner desse: I norsk er det sider for leseøvingar/norskoppgåver, matematikk er multi mykje brukt, engelsk har junior scoop som eit god lenke og cumulus blir brukt i faga natur, samfunn og historie.

Dei fleste av ressurssidene er veldig gode, men alt kan forbedrast. Dataverden utviklar seg raskt og det er alltid nye nettressursar tilgjengeleg. Har lagt ved lenkene til dei ressurssidene eg nevnte ovanfor.

Ellinor
                                                                                                                                

Tilgjengeleg frå: http://norsknettskole.no/globalskolen/ressurssidene/tester/Morten/lese/
                       : http://web2.gyldendal.no/multi/Multi%203/
                       : http://scoop.samlaget.no/kapittel.cfm?id=8-322-1
                       : http://www.lokus123.no/?marketplaceId=4785166&languageId=1&siteNodeId=4785305

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar