Det å få lære seg litt meir om kamerabruk og korleis ta bra bilete med tanke på motiv, plassering og lys m.m. og korleis nytte foto i undervisninga var ei matnyttig samling.Når det gjeld å nytte foto og behandling av bilete er det mykje teknisk som ein lærar må kunne. Dei digitale kamera vi har i dag gjere det enklare å bruke foto i fag. Elevane kan også bruke mobilkamera sin til å ta bilete. Så treng dei datamaskiner for å laste ned bileta sine, dette kan gjerast enkelt med ein USB-kabel. Minnekorta i kamera kan lagre ein del bilete, men her spelar faktora som minnekapasitet, bilete- oppløysing, filformat bileta vert lagra i, osv. Det er også viktig å få eit klart bilete av motivet. Vidare lærte vi om motiv og komposisjon. Tenke over om det er detaljar eller om det er større motiv vi skal ta bilete av. Viktig å tenke over kva motivet er, få fram hovudmotivet. Varier mellom undervinkling og overvinkling og plassering av same motiv for å sjå kva som får best fram motivet. Rett mengde av lysbruken er også viktig å tenke på. Få fram det vi vil sjåaren skal sjå. Ein kan også bruke andre sine bilete, men då bør ein vere klar over kva lova om opphavsrett seier, og vete om bileta ein finn på internett kan nyttast.
Ulike verktøy ein kan bruke for å halde orden på bileta og lage til framsyning var lærerikt. Når bileta er last inn på PCen, kan ein til dømes bruke picasa og picnik for å etterbehandle og lage nettalbum. Dermed får ein bileta i ein oversikteleg mappe.
I undervisninga bør ein tenke over læringsaktiviteten sitt kva, kvifor og korleis for å gi eleven best mulig undervisning. Då kan den didaktiske relasjonsmodellen vere eit god hjelpemiddel for læraren til å tenke over eiga undervisning. Det er lærerikt å sjå døme på biletebruk i undervisning i form av video-klipp, og korleis vi kan bruke picnik og picasa til lagring og behandling av bileta.
Eg har prøvd meg på øvingsoppgåva til leksjon 1, digitale bilete, veke 41. Her følgjer resultatet:
Først prøvde eg meg på å ta bilete av eit motiv der eg plasserte motivet på midten, og etter tredjedelsregelen. Det første bilete er teke med tanke på tredjedelsregelen og det nederste er motivet plassert på midten. På grunn av lysbruk skapte lyse og mørke parti på biletet. På grunn av dette, kjem nok bilete av drikkeflaska teke etter tredjedelsregelen mest til sin rett.
Eg prøvde også å ta bilete av drikkeflaska nedanfrå og opp, ovanfrå og ned, og med å snu kamera. Har nok mykje å lære med tanke på lysbruken på hovudmotivet, opprydding av distraherande objekt, rett plassering av motivet, avstand til motivet og balansen av biletet. Slik vart desse bileta:
Deretter prøvde eg meg på biletebehandling i Picasa, der eg tok i bruk beskjering, utfyllingslys og pensla over uønska lys. Då vart dette her resultatet:
Tilslutt fann eg eit bilete på nettet, flickr.com, som eg vil prøve vurdere. Her er plasseringa av motivet gøymt inn i ei smal opning. Eit spanande bilete som fangar sjåaren. Lysbruken gjer det heile litt mystisk. Dette er nok eit silhuettmotiv. Ein kan sjå fleire detaljar, ikkje eit bestemt motiv. Snøhola med istappar hengande ned frå opninga gjer dette til eit interessant bilete for sjåaren, vertfall om ein er ineressert i landskap, årstider og turar. Her er ikkje mykje luft rundt motiva. Linjene til dette bilete leiar blikket til sjåaren innover i bilete.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar