Dette med blogging i "all offentlighet" er heilt nytt for meg, derfor "gløyme" eg litt av den i min travle kvardag.. Eg er godt vant med både msn, tekstmeldingar, skrive logg. Dette er innarbeidt frå før, og alt tek tid å lære og kome inn i..Men enn om eg blir flinkare med dette også etterkvart:) Eg har no i det minste fått lagt inn øvingsoppgåvene her, om det er slik det er meint.... Blir litt småfrustrert av den hektiske kvardagen, det å skal jobbe, studere og ikkje minst vere mor og frue...Skulle gjerne hatt mange fleire timar å ta av i døgnet....
Ellinor
tirsdag 12. oktober 2010
Øvingsoppgåve veke 39
Øvingsoppgåve 2, veke 39
Elevar skriv i dag mange typar digitale tekstar. Det kan vere novellar, rekneark, powerpoint, fotostories osv. Enkelte elevar likar og er flinke til å skrive og formulere seg når dei skriv tekstar. Andre elevar slit mykje med å klare ordlegge seg med eigne ord, derfor brukar dei den "enkle" måten med klipp og lim frå tekstar dei finn på nettet og limar dei inn i sine eigne dokument. Eg har sjølv erfart dette med elevar som klipper og limer istadan for å skrive med eigne ord. Vi lærte då elevane ulike måtar å formulere seg på og lærte dei om nettvettreglar/kopi.¨I store klasser kan det verte ei utfordring for ein lærar å "sjekke" at alle tekstar er eigenproduserte. Ein kan då i etterkant snakke med og spørre elevane om det dei har skrive. Det kan vere vanskeleg å snakke om ei tekst som nokon andre har skrive....

Øvingsoppgåve , veke 39
Øvingsoppgåve 1
På nettet finn vi mange skulerelaterte lenker som ein kan bruke som læringsressursar i skulen. For at skulane og elevane skal dra nytte av desse lenkene, er første bud at det er "skikkeleg" datamaskiner og nettverkstilkobling tilgjengeleg. Skulen eg jobbar ved no, har tre klasserom der datamaskinene står klar til bruk og elevane kjem seg nokolunde raskt på nett. Men det er kun eit klasserom som har nok maskiner til alle elevane i ei klasse, og dette datarommet er i bruk kvar time i løpet av skuledagen av dei sju klassene som er på skulen.
Dataansvarleg ved skulen har gjort ein kjempe jobb med heimsida til skulen, der det også er lagt ut leker til ulike ressurssider som elevane lett klarer å handtere sjølve. Elevane kan også jobbe med desse nettsidene heime. Eg ser også korleis elevane får repetert og øvd på det dei tidligare har lært i klasserommet. Ressurssidene er bra laga til slik at elevane får øve seg på aktuelle tema som dei har i faga, og det er sider der dei får øve seg på å skrive/lage tekstar og powerpoint o.l. Elevane får god øving i å bruke tastaturet, søke på nettet og lære seg korleis dei kan bruke ein datamaskin til det meste i kvardagen. I dei fleste fag her det henvist til gode ressurssider, eg nevner desse: I norsk er det sider for leseøvingar/norskoppgåver, matematikk er multi mykje brukt, engelsk har junior scoop som eit god lenke og cumulus blir brukt i faga natur, samfunn og historie.
Dei fleste av ressurssidene er veldig gode, men alt kan forbedrast. Dataverden utviklar seg raskt og det er alltid nye nettressursar tilgjengeleg. Har lagt ved lenkene til dei ressurssidene eg nevnte ovanfor.
Ellinor
Tilgjengeleg frå: http://norsknettskole.no/globalskolen/ressurssidene/tester/Morten/lese/
: http://web2.gyldendal.no/multi/Multi%203/
: http://scoop.samlaget.no/kapittel.cfm?id=8-322-1
: http://www.lokus123.no/?marketplaceId=4785166&languageId=1&siteNodeId=4785305

Abonner på:
Kommentarer (Atom)