torsdag 10. mars 2011

SOSIAL WEB 1 OG 2

Leksjonane i veke 2 og veke 3 handla om sosial web, det same gjorde mappeoppgåve 1. Det å gjere seg kjend med ulike sosiale media er viktig med tanke på å vete kva det dreiar seg om og korleis dei ulike mediane fungerar. Øvingsoppgåva i veke 2, sosial web 1, handla om at eg skulle melde meg inn i tre ulike nettsamfunn. Frå før er eg allereie medlem av facebook og google- kontoar. I tillegg til desse melde eg meg inn i del- og bruk (obligatorisk for alle) og you tube. Ved å gjere seg kjend med ulike nettsamfunn skaffar ein seg erfaring og kunnskap om kva media elevane nyttar seg av.

Digital danning: Sidan elevane har stor erfaring ved å surfe på nettet og informasjonhenting, må lærarane forsøke å henge med. For å vete korleis ein skal oppføre seg på nett, er det viktig at ein tenker på og kan kjeldekritkk, nettvett, personvern, reglar og normer ved bruk i nettverkssamfunnet. Det kan vere mange moglegheiter ved å bruke sosiale media i undervisninga. Det å kunne bruke digitale verktøy, grunnleggande dugleik, lærer elevane ved å bruke dei ulike nettmediane. Dei kan dele, skrive individuelt, gruppeoppgåver, lagre, gjennopne, og levere oppgåver på nett. Mediane kan brukast til å diskutere og jobbe med oppgåver sjølv om ikkje alle har tid til å jobbe samtidig.
Utfordringar kan vere at ulike media er forbudt på den enkelte skule, t.d. facebook, lærara kan for lite om dei ulike sosiale media, nettvekstilkoblinga for dårleg. Så vi ser at det finst både fordelar og ulemper ved bruk av sos web i skulen.

I det foregåande innlegget mitt på bloggen, har vi som gruppe kommentert moglegheiter og utfordringar ved bruk av blant anna facebook. You tube som eg også melde meg inn i, er også eit media der ein kan dele med andre og kommentere innlegg. Del- og bruk ligg i namnet, det er også eit media der du kan dele, kommentere og hente informasjon.